Stikkord: Vintorn

Vindtorn-prisen til Eldrid Lunden

Eldrid Lundens dikt balanserer på grensa mellom det sansa, det tenkte og det som er kjent. Eit sterkt indre trykk – på minimalistisk vis. Dikta set difor merke i lesaren. Dei har ein retorisk snert, ofte med feministisk tilsnitt, sa juryen under kveldens utdeling. Les hele talen her.

Om å vere fylt til forstanden av gråt

Tale til utdelinga av Vindtorns Minnepris 2019

Det var ein gong at diktaren Gro Dahle gjekk på skriveskule. Læraren sa om Dahles dikt: “kast og begynn på nytt”! Gro Dahle mista motet og kasta dikta før gjennomgangen. Rett i søpla ved kopimaskina. Ikkje lenger etter fann læraren dikta i søpla, gjenkjente dei som Dahles, og gjekk til henne og sa “Her skal du begynne.”

Slik byrja Dahles diktarskap. Og i 2015 fekk ho Vindtornprisen. Det var berre eit spørsmål om tid før skrivelæraren skulle få prisen. Læraren får prisen for sitt kontrære, nyskapande, stundom rebelske, stundom naudsynte og essensielle forfattarskap. Men samtidig, med sin poetiske praksis, vart altså prisvinnaren den første professoren i sitt fag, og har betydd så mykje for så mange. Som til dømes Dahle, som seier:

Ordene hennes har blitt grunnloven min, mine bud.
Jeg kaster det meste jeg skriver og begynner på nytt og på nytt og på nytt.
Og så er det: “Gå dit det brenn», «Du må bryte meir stein», «Ikkje ver så flink og snill pike»
og ikke minst: «Du får vere den du er til det går over av seg sjølv!».

“Gå heim og skriv om mjølka, gut,” skal prisvinnaren ha sagt til ein annan elev. Denne direkte og kanskje småfrekke tonen har vore der i prisvinnarens over femti år lange forfattarskap. Då forfattaren i sitt åttiande år gav ut ei diktsamling som viste atter ei ny side, var juryen einstemmig i å innstille Eldrid Lunden som vinnar av Triztan Vindtorn Poesipris.

*

Tabu er område der vi ikkje vil vite om vi vil skade nokon, står det i Eldrid Lundens siste bok, Det er berre eit spørsmål om tid. Slike tvetydige fråsegner har vore med Lunden sidan oppveksten. Lunden kommenterer fenomenet i eit intervju (Vinduet 4-18): Eg vaks opp i eit bygdesamfunn som dyrka språkleg evne på sin måte, og då helst som forteljing eller ironi. Det siste kom gjerne til uttrykk som tvetydigheit. Eg har aldri vakse frå dette språket.

Lunden leitar såleis sjølv i heimen når ho skriv. Lunden diktar for tanken og kroppen – særleg i dei tre diktsamlingane som ho skreiv på søttitalet:

Har ho mørker i kroppen? skriv Lunden i samlinga hard, mjuk
Nei, ho har augnevipper
som stryk dagen over
i skugge.

“Hard i kantene og mjuk i fingertuppane,” skreiv poetkollega Liv Lundberg om Lundens poesi.
Ein kunne òg ha sagt om poesien det same som var sagt om Robert Frost ein gong: “Han var aldri nøgd med å si éin ting viss han kunne seie to eller fleire.”

Sidan 1968 har Lunden inviterert lesaren inn til fleirtydige, ureine poetiske univers. Då kom F.eks. juli. Lunden var då ein del av krinsen kring Profil. Sidan har ho gitt ut femten bøker. Fire av dei essays, resten dikt. Ho har fått Doblougprisen, Brages heiderspris og er slått til Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden. Kanskje får Lunden Nordisk Råds litteraturpris for den siste boka si. Ho er iallfall nominert.

Lunden var med på å starte Forfattarstudiet i Bø, og var allereie i 1996 professor i skjønnlitterær skrivekunst. Ho veit kva ho gjer med teksten når ho gjer den både hard og mjuk og formidliande så mykje som muleg når den først skal trykkast.

Motpolane i Lundens dikt er der både i form og i motiv. Lundens krasse ironi blir elegant kontrastert av store, sentrallyriske motiv og naturtablå. Dei er skrive fram med ei hand som er stø men likevel kjenner skjelva av motpolenes møte. Retorisk fast, men språkleg vart og nyansert.

Og så dette fantastiske: AT motpolar møtest! Lundens dikt balanserer på grensa mellom det sansa, det tenkte og det som er kjent. Eit sterkt indre trykk – på minimalistisk vis. Dikta set difor merke i lesaren. Dei har ein retorisk snert, ofte med feministisk tilsnitt.

(Kvinnelege subjekt møter mannen. Det kvinnelege subjektet møter mannen i seg, og ho møter andre jenter/ kvinner. Dei tøtsjar ikkje alltid tabu, men noko står alltid på spel, for diktarsubjektet.

“Eg tenkjer meg sjølv som halvt skuggelagt. Så er diktinga eit forsøk på å få lys inn på alle område, ei insistering på at alle område tel.” sa Lunden til Arild Stubhaug i 1978, på den tida då ho skreiv desse dikta. Lundens poesi er like insisterande. Temperaturen er høg. Nervene er nakne.

Kritikk og sorg

Vil du bli ei undertrykt jente/ skal du seie at du er ei undertrykt jente/ du vil ganske enkelt bli tatt/ på ordet, skriv Lunden i eit mykje sitert dikt frå Gjenkjennelsen, 1982.

Tematikken er eksplisitt, som naudsynt kanskje var på den tida. Lunden var tidleg ute med å skrive om kvinner sine doble posisjonar i samfunnet. Dualiteten finst også i Lundens form. Ho kan vere eksplisitt, men samtidig sober.

Ho kan vere kritisk, ja. Men formidlar òg sorg. Diktet eg las peiker fram mot Det er berre eit spørsmål om tid.

((Lundens dikt gjer vondt, og er personlege, eksistensielle og politiske på same tid. Dikta skriv oss inn i ein sosial, kulturell, eksistensiell og politisk samanheng. Slik blir den individuelle røynsla politisk: Individets utfordringar er kollektive. Dei er brotne gjennom prismet til individet.
Det er sjølvsagt ikkje enkelt, hos Lunden. For Lunden gjer diktet klokare enn både seg sjølv og alle oss andre. Hennar slentrande og cool måte til tross: Innst inne har nok Lunden vyrdnad for diktet. Ho tar det på den største alvor fordi diktet gir innsikt i mørkret i menneska.

Tilsynelatande cool og liksom tilbakelent har ho aldri slutta å vere. Frå ei styla rufsetheit i tidlege samlingar, har sisteboka tilsynelatande likeframme – men varme dikt.))

I livsveven til eit menneske kan det vere slått inn
trådar med stor nødvendigheit. Det hende du redda
meg frå meg sjølv. Siste gongen det skjedde var
lyset i ferd med å bli oppslukt av mørkret
Du sat så roleg resten av kvelden
Varmen slo ut av kroppen din som frå ein glødeomn

Lunden skriv, I det er berre eit spørsmål om tid, slik at ein kjenner varma i veven, altså varma i teksten. Ordet vev betyr tekst, og Lunden kjem særleg nært innpå forteljinga om å leve.Her blir det å skrive like sjølvsagt som å puste. Og puste, det gjer desse dikta.

Gjennom femti år har Lunden stått utanfor tradisjonane, og slik stått i tradisjonen av dei som Steinar Opstad (i Himmelretninger) kallar dei ekte geni. Men éin tradisjon blir Lunden, etter si siste bok, henta inn av: Forfattarskapa som begynner som eksperimentelle og nyskapande, og som blir formmessig enklare, men innhaldsmessig meir kompliserte. Slik finn ein motpolar også i det overordna nivået, mellom bøker: mellom dei rebelske førstedikta og dei, på sitt vis endå meir opne – forsonande – nye dikta. Motpolane finst òg i setningsnivået. Ein kan vere fylt til forstanden av gråt. Det er for alt dette, for den skarpe tanken og det store, bankande, sterke hjartet at Eldrid Lunden får Triztan Vindtorn Poesipris 2018.

Vindtorn Poesipris’ jury – Birgit Hatlehol, Carina Beddari, Fredrik Høyer, Mette Karlsvik og Stein Versto