Stikkord: Vestlandet

Olav H. Hauge-stipendet til Erlend O. Nødtvedt

Eg er utruleg stolt og glad for å få dette stipendet. Olav H. Hauge er ein poet eg set veldig høgt og diktinga hans har vore ein viktig inspirasjon for meg som forfattar. Å bli tildelt eit stipend som ber den store diktarhovdingen sitt namn betyr særdeles mykje, sa Erlend O. Nødtvedt i forbindelse med utdelinga fredag kveld.

Erlend O. Nødtvedt blei tildelt det nyskipa Olav H. Hauge-stipendet under opninga av Ulvik poesifestival fredag 7. september. Den unge poeten frå Bergen får stipendet for å ha fornya det lyriske språket samstundes som han løftar fram fleire litterære uttrykk og tradisjonar.

Juryen grunngir tildelinga slik; Stipendvinnaren har i sine diktbøker skapt eit iøyrefallande lyrisk univers. Språket bevegar seg høgt og lågt i ei grenselaus blanding av gamle språkformer, moderne daglegspråk, nyord og lydord og fragment frå andre diktarar. Poeten smeltar dette saman til ei ny legering, til syner og musikk. Sjølv om diktbøkene inneheld mykje galskap, lått og humor, gir det medvitne spelet med den litterære tradisjonen og historia ei nerve av alvor under skrifta. Slik får poeten fram ei slags all-tid i sine dikt, der fortida framleis er levande i notida, og folkevisa og avantgard-lyrikk får klinge saman.

Det nyoppretta Olav H. Hauge-stipendet er på 150 000 kroner og er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad. Nynorsk kultursentrum og Hauge-senteret har etablert stipendet i samband med at Ulvik poesifestival blir arrangert for 10. gong i 2018. Stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk og med denne kunstnarskapen har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet blir delt ut anna kvart år og skal over tid fordelast jamt mellom kvinner og menn som skriv på nynorsk og bokmål. Kunstnarar som nyttar dialekt, kan også få stipendet. Stipendvinnaren blir invitert til å presentere eit nyskrive verk til neste poesifestival som blir arrangert om to år.

En unik roadtrip

Ein poet som bryt med språklege konvensjonar

Erlend O. Nødtvedt er fødd 1984 i Bergen og oppvaksen i Fyllingsdalen. Han gjekk ut frå Skrivekunstakademiet i Bergen i 2007 og tok mastergraden i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen om Kristofer Uppdals dikting i 2012. Nødtvedt debuterte med Harudes i 2008, eit langdikt om Hordaland fylke der han kryssar ulike målformer. I Bergens beskrivelse frå 2011 held han fram i eit lydmålande språk der

notid og fortid smeltar saman i ei historierik diktfortelling om klassesamfunnet i Bergen by. I diktsamlinga Trollsuiten frå 2014 skriv han seg inn i folkedikting og naturmyter med det norske kulturlandskapet som bakteppe, også her i ei grenselaus blanding av språkformer. I romanen Vestlandet som kom i 2017 finn ein også stor språkleg rikdom.

Open utlysing

Olav H. Hauge-stipendet blei kunngjort som ei open utlysing i vår. Nynorsk kultursentrum fekk inn heile 23 nominasjonar på 13 ulike kandidatar. Stipendvinnaren blei kåra av ein

jury oppnemnd av styret i Nynorsk kultursentrum. Stipendjuryen består av Brit Bildøen forfattar og juryleiar, Sindre Ekrheim forfattar og bokmeldar, og Stein Erik Lunde forfattar og lærar.

– Vi meiner det er i Olav H. Hauge si ånd at stipendet har ei open utlysing der alle kan foreslå kandidatar. Vi fekk inn mange gode forslag på fleire markante poetar frå fleire miljø og ulike lyriske sjangrar. Det er difor godt å han ein kompetent stipendjury med brei litteratur- og tekstfagleg bakgrunn, seier dagleg leiar ved Hauge-senteret Geir S. Netland, som også er sekretær for juryen.

Besøk www.poesifestivalen.no

 

 

En unik roadtrip!

Vestlandet er den morsomste boka jeg har lest på år og dag. For første gang kan man gjennom en hel norsk roman le av klimaendringene. I likhet med all god litterær latter sitter den bokstavelig talt fast, som et hogg, i halsen, skriver Tom Egil Hverven i Klassekampen om Erlend O. Nødvedts roman.

En roman som ånder, drikker og lukter Vestlandet, full av treffsikker regionssatire, skriver Dagbladet. Erlend O. Nødvedt har fått en rekke gode anmeldelser for romanen Vestlandet og er en perfekt julegave til alle vestlendinger – og østlendinger.

En billedkunster og en poet trosser uvær, ras og stengte tunneler på en fuktig odyssé gjennom Vestlandets dramatiske natur. Som ledemotiv har de Anders Lysne, bondeopprøreren og veibyggeren fra Lærdal, som ble halshugget i Bergen i 1803. Langs smale og farlige veier treffer de på alt fra døde og levende kunstnere og forfattere til spelemenn, separatister og tobakksbønder. Et burlesk og regnvått portrett av mennesker, landskap og land i endring.

Kjøp boka her

Rabiat og vilter veiroman. … Romanen er kokt i hop på det man kan kalle typiske vestlandsingredienser, ispedd en vilter sans for overdrivelser og en hel rekke artige metainnslag. … et praktfullt eksempel på aktiv motstandskamp mot standardisering av romanformen. Vestlandet er sterkt å anbefale for alle dem som liker vill og utemmet litteratur.
– Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Vestlandet blir aldri det same etter dette. Erlend O. Nødtvedt har avslørt dei inste sanningar, dei djupaste løgner og dei mest inngrodde mytar om denne landsdelen. Eg kan like godt vedgå det først som sist: Under lesinga av denne romanen har eg knegga på mitt vestnorske vis både høgt, lenge og ofte. … Romanen er rein fest og sælebot for vestlendingar, kanskje også for austlendingar som er i stand til å trengje gjennom den fiendtlege retorikken og sjå kvar for herlegdomar som kanskje nesten finst på andre sida av langfjella.
– Marta Norheim, NRK