Stikkord: Matminne frå mors kjøkken

KAKEFEST!

Det har alltid vore vanleg for folk å hjelpe kvarandre med baksten til store dagar. Og mange gode barndomsminne knyter seg til festdagar. Då kom alle tantene med si «spesialkake» til kakebordet. Denne kaka er ein vinnar. Den er slik at du mest ikkje får auga frå henne. Dekorativ til det uimotståelege og eit syn som gjer kakebordet perfekt!

Tekst: Trude Teige

Eg kjem frå eit kakedistrikt og er ein kakemons! Det er heilt sikkert fleire enn min mann som har kome til Sunnmøre for å gifte seg med ei sunnmørstaus, og fått sjokk ved synet av kakebordet i sitt eige bryllaup: Rundt rekna bruker det å vere om lag ei kake per gjest på Sunnmøre! Men skikken med at dei som har baka kake, også tar med seg fatet når dei forlét selskapet – med eventuelle restar – er både praktisk og nødvendig – og sikkert ei stor lette for brudgommen!

Då eg voks opp, var det også eit fast ritual å bake kake til helga – kvar helg heile året igjennom. Så eg kjem ikkje unna kaker; festkaker og kvardagskaker, kaloribomber og sunne kaker, lettvinte kaker og arbeidskrevjande kaker, velkjende kaker og kaker som er litt bortgløymde, men som godt kan bringast fram i lyset igjen.

Tante Ågots festkake

SUKKERBRØD
4 egg
200 g sukker
50 g potetmjøl
50 g kveitemjøl
Skalet av ein riven sitron

Pisk egg og sukker godt. Ha i rive sitronskal, kveitemjøl og potetmjøl. Hell røra i smurd, strødd form og steik kaka på middels sterk varme.

KAFFIKREM
200 g smør
3–4 ss melis
Litt sterk kaffi (laga av ca. 40 g
Finmalen kaffi og 2 dl vatn)
Pressa sitron

Kok kaffi og avkjøl den. Rør smør og sukker kvitt og drypp i kaffi litt etter litt. Tilset til slutt litt pressa sitron. Ver forsiktig så kremen ikkje blir for tynn.

PYNT
50 skålda mandlar
Ca. 1 1/2 dl sukker
Mokkabønner

Brun sukkeret og ha i mandlane. Legg dei på eit bakepapir og skil dei frå kvarandre. Knekk av eventuelt stygge kantar. Del kaka i to og fyll med eit tynt lag med kaffikrem. Legg kaka på eit fat og dekk med eit tynt lag med kaffikrem. Bruk ei kakesprøyte til å sprøyte diagonale strekar med kaffikrem på utsida av kaka. Sprøyt kremtoppar rundt ytterkanten. I neste rad legg du brente mandlar, så ei rad med krem, i neste rad mokkabønner, så ei rad med krem. Gjenta dette heilt inn til midten av kaka.

Matminne frå mors kjøkken er ei bok som har som mål å inspirere til å ta i bruk vår heimlege, tradisjonelle matskatt og prøve noko «gamalt nytt». Ikkje mat som for lengst er gått ut av bruk fordi det er vanskeleg å få tak i råvarene som trengst, fordi det er for tungvint å lage, eller fordi vår oppleving av kva som er godt, har forandra seg – men norsk tradisjonsmat som i dei seinare åra meir og meir har måtta vike for utanlandske retter og ikkje minst moderne «pose- og boksmat».

Til minne om mor mi
og alle andre mødrer
som fylte barndomen
med lukt og smak
og gjorde minna sanselege.

Les mer om Matminne fra mors kjøkken

KONKURRANSE: Vinn Trude Teiges Matminne frå mors kjøkken!

Konkurranse: vinn Trude Teiges Matminne frå mors kjøkken

Vi har nylig gitt ut Trude Teiges kokebok Matminne frå mors kjøkken på ny, og nå har du muligheten til å vinne en bok full av vestlandsoppskrifter!

Vi har hele fem bøker å avse – alt du trenger å gjøre er å skrive hvorfor du har lyst å motta boken i kommentarfeltet under.

Matminne frå mors kjøkken handler om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre. Boka er også derfor ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjoner og identitet.

Trude Teige skriver innledningsvis:

Dette er ei bok som har som mål å inspirere til å ta i bruk vår heimlege, tradisjonelle matskatt og prøve noko «gamalt nytt». Ikkje mat som for lengst er gått ut av bruk fordi det er vanskeleleg å få tak i råvarene som trengst, fordi det er for tungvindt å lage, eller fordi vår oppleving av kva som er godt, har forandra seg – men norsk tradisjonsmat som i dei seinare åra meir og meir har måtte vike for utanlandske retter og ikkje minst moderne «pose- og boksmat». 

Mat er kultur, mat er tradisjonsverande, mat er identiet, og for meg er mat også sanselege minne frå barndom og oppvekst. 

Matminne frå mors kjøkken har en rekke gode oppskrifter på tradisjonskost fra Vestlandet, men også inspirasjonsbilder og tekster fra kjente personer , som Hilde Louise Asbjørnsen, Jan Åge Fjørtoft, Are Kalvø, Arill Risse, Krisitn Krohn Devold, Fredrik Steen og Nils Petter Molvær.

Matminne frå mors kjøkken av Trude Teige handlar om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre, og er difor også ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjonar og identitet.

Har du lyst på et eksemplar?

Legg inn en kommentar i kommentarfeltet under, og vi trekker fem heldige vinnere! Frist for deltakelse: 20. november 2016

Mens du venter, kan du prøve deg på ekte ferjesvele. Oppskriften finner du her. 

Boka er forresten å få kjøpt på tilbud til kun kr. 199,-

Ferjesvele – Sunnmørsk tradisjon på sitt beste

Svele fra Trude Teiges Matminne

[dropcap custom_class=»normal»]S[/dropcap]vele er noko av det beste som finst. Helst nysteikte, lunka, slik at smøret smeltar og blandar seg med sukkeret. Eg strevde ei stund med å få svelene slik som mor mi laga dei, men etter hvart synest eg dei liknar meir og meir; fløyelsmjuke, svampaktige og så porøse at dei går i oppløysing av seg sjølv på tunga. 

Tekst: Trude Teige

Og som eg gjorde det, kjem mine barn springande når dei kjenner lukta av svele og får vere med og steike. No er det deira tur å være korleis det skal gjerast. Eg håper dei vil hugse slvele for meir enn den gode smaken, at dei gugsar lukta i kjøkkenet, lyden av rødra som lett reste mot den varme takka, at det var ei gyggelstund rundt kjøkkenbordet.

Svele og ferje høyrer saman, og det er mykje takk vere mannen som begynte å steike svele på ferjene i Møre og Romsdal Fylkesbåtar i 46 år. Han fortel at han var van til sveler heimanfrå og begynte å steike svele på ferja «Hjørungavåg» då den vart sett inn i trafikk mellom Hareid og Ålesund i 1979.

– Det var visst ganske populært, seier han smålåten.

Og det kan han trygt seie. Skal tru kor mykje pengar ferjeselskapet har tent på sveler opp gjennom åra? For det er vel ikkje eit menneske på Sunnmøre som ikkje har kjøpt svele på ferja?

Oppskrift på ferjesvele

Oppskrifta og teksten er frå Matminne frå mors kjøkken

  • 5 egg
  • 1 stor kopp sukker
  • 1 l kulturmjølk
  • 1 l kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 ts hornsalt
  • 75 g maragin

Pisk egg, sukker, natron og hornsalg godt. Slå deretter i mjølka og rør inn mjølet. Ha til slutt i smelta margarin.

Svelene skal steikast gyllenbrune på kvar side. Den «originale» ferjesvela skal serverast med rørt smør og sukker. Men sirup, syltetøy og rømme eller brunost er heller ikkje å forakte.

 

Matminne frå mors kjøkken av Trude Teige handlar om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre, og er difor også ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjonar og identitet.

Ei folkelig og god bok som garantert blir en vinner på gavebordet

Dagbladet, terninkast 5

Det er sjelden norske matbøker strukker av slik hjemstavnsglede uten bismak

Borghild Fiskå, Stavanger Aftenblad, terningkast 5

Ikkje kødd med grandisen!

Matminne frå mors kjøkken av Trude Teige handlar om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre, og er difor også ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjonar og identitet.

[dropcap custom_class=»normal»]E[/dropcap]in gong vart det bestemt at vi skulle eksperimentere med kontinental mat til laurdagskosen i heimen. Vi fekk pizza. Eg tok to bitar og svor på at eg aldri skulle ete slikt igjen.

[spacer]

Tekst: Arve Kalvø

[spacer]

Ikkje lenge etter kom grandiosaen inn i våre liv og forandra alt. Det er sikkert dei som vil hevde at Pizza Grandiosa ikkje er tradisjonsmat. Vanligvis når ein snakkar om tradisjonsmat, meiner ein mat som har vore nedgraven, opphengt, drukna i kaustisk soda, eller øydelagt på andre måtar før han blir servert. Tradisjonsmat er mat som vart funnen opp av desperate menneske som gjorde kva som helst for å få maten dei hadde, til å vare lengst mulig. Slik mat gjekk naturlig nok av moten då folk fekk arbeid, lønn, kjøleskåp, komfyr og liknande. Før det vart mote igjen då nokon fann ut at tradisjonsmat eigentlig er ei samlenemning for mat som er for salt til å ete utan å drikke ein del liter øl til.

 

Såleis er grandiosaen på mange måtar det motsette av det ein elles reknar som tradisjonsmat. Grandiosaen er billig og lettvint og ny. Men grandiosaen er eit stykke sunnmørsk mathistorie. Då ferdigmaten kom til den norske laurdagskosen, var han produsert på Sunnmøre. Alle som skildrar den urnorske laurdagskvelden i heimen, meir eller mindre ironisk, nemner grandiosaen. Sjølvsagt er det ein tradisjon. Og grandiosaen opna oss for nye smakar og gav oss ein mild overgang til framand mat:

 

Den neste gongen eg smakte ekte pizza, etter å ha ete grandiosa ei stund, likte eg det veldig godt. Fleire frå min generasjon har det same forholdet til grandiosaen som feite menn med skjegg har til graven og hengt og luta mat: At dette er ein tradisjon det ikkje skal tuklast med. Då Pizza Grandiosa vart lansert med ny smak (mild taco, av alle merkelige ting), var det mange som reagerte.

 

Eg opplevde fleire gonger i nærbutikken at folk på min eigen alder la mild taco-pakken tilbake, rista forferda på hovudet og sa: «Ein køddar ikkje med grandisen.»

[spacer]

Arve Kalvø er humorist og bidrar med denne teksten i Trude Teiges bok Matminne frå mors kjøkken, som nylig er utgitt på ny.

[spacer]

Matminne frå mors kjøkken

Sanselege minne… Lukt og smak gjer minna frå barndom og oppvekst sanselege: Sveler som mor pakka inn i smørpapir og kasta ut til oss ungane som leika i snøen, kveldsturar på sjøen saman med far, lukta av kjøt eller fisk som hang til tørk, bærplukking i skogen, lefsebaking til jul.

Denne boka handlar om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre, og er difor også ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjonar og identitet.

[spacer]