Kjærleik og det som liknar

Ønsket om nærleik til andre kan vere både ei vakker og destruktiv kraft. Men kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei

Magni klarar ikkje å gløyme den vaksne elskaren ho hadde som ung student. Erik kjenner igjen ekskjærasten sin på gata og lurer på om han skal vise seg fram eller gøyme seg. Da Astrid sin sambuar dreg til Amerika for å studere, søker ho trøst i ei bjørnedrakt. I Kjærleik og det som liknar utforskar Therese Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.

«Therese Tungen høstet lovord for sin første novellesamling. Med Kjærleik og det som liknar befester hun sin posisjon.»

Turid Barth Pettersen i Vårt Land

Les eit utdrag frå Kjærleik og det som liknar

Sakna jente

Dei køyrde i dagevis, langs kysten, så gjennom Mojave-ørkenen, endelause mil med sand, brunsvidde vekstar, ofte var dei heilt åleine på motorvegen. Framom dei steig varmen som disige bølgjer over asfalten. På vegen passerte dei den daude skrotten av ein kalv, idet dei køyrde forbi, letta ein gribb frå kjøttet. På kvar side av vegen låg det svære dekk, og June lurte på kor i all verda alle dekka kom frå.

Dei køyrde milevis langs ein highway omgitt av ingenting anna enn sand og med sola som steikte på himmelen. Så kom dei til ein dal, brei og vid, også den ørkenaktig. Det gjekk bratt nedover, airconditionen stod på, og det var kjølig i bilen, bensinmålaren bikka sakte på seg, og utanfor var det så varmt at dei ville døydd etter kort tid om dei måtte ut av bilen. Det var han som køyrde dei siste timane, ho googla for å finne bensinstasjonar. Det var langt til neste, og ingen andre bilar langs vegen. Ho begynte å bli stressa, dei burde sjølvsagt ha fylt på stasjonen rett før dalen. Det verka så opplagt, det var jo derfor stasjonen var plassert akkurat der, rett før vegen gjekk nedover i det djupe søkket.

Tida gjekk, vegen begynte å svinge oppover igjen, og motstanden fekk nåla på bensinmålaren til å bikke urovekkande fort på seg. Ho kjente angsten sette seg i pusten. Dette forholdet er daudt, tenkte ho. Det var som om ho berre hadde sinne i seg, som om det ikkje var plass for andre kjensler enn dette raseriet. Kunne du ikkje ha passa på! sa ho til slutt, og Jon vart jo ikkje blidare av det, for kvifor var det hans ansvar meir enn hennar? Og det var jo for så vidt sant, men likevel klarte ho ikkje å kvitte seg med dette sinnet mot han. Han sa ingenting, og etter ei lang stille var dei oppe på overflata igjen, eitt og anna hus dukka opp, skrøpelege gamle småbruk, dei fleste av dei fråflytta, forfalne, så såg dei ein bensinstasjon der dei kunne fylle opp tanken, og ho fekk endeleg puste igjen.

Ho sat på kofferten og såg utover. Den vide himmelen var djupblå med glødande rosa skyer som såg ut som dei var opplyste frå innsida. På ein stolpe ved sida av stien hang ein lapp og blafra. Den varme vinden strauk mot håret. Dagen etter skulle dei ned dit, til den freda dalen der ville dyr gjekk rundt, fjelløver og rev, bisonoksar skulle det visst også vere der, og ørn. Dalen var ikkje som på bilda ho hadde sett på førehand. Ho hadde tenkt på han som eit hòl, ho hadde gjort han urett, dalen var langt frå noko hòl.

Det ho hadde framfor seg, var umogleg å gripe med ord, å skildre på eit vis som ytte det rettferd. 
Som ein tredimensjonal modell av eit landskap blåsen opp uendeleg mange gonger. Eller som ho hadde overhøyrt ein gutunge seie for litt sidan, «mom, this is the grand canyon». Slik var det. Stiane, murane, skilta, alt var så tilrettelagt, det ho såg rundt seg, var nedtrakka og prega av alle folka som hadde kome her gjennom tidene, men der nede, der venta noko anna, dit nådde ikkje reklameskilta og utsalsstadene, der var det fritt for «tre for to» og «et så mykje du klarar».

Sola stod lågt på himmelen, og eit pastellaktig skjær gjorde alle konturar litt avrunda. Nokre ekorn sprang langs steinmuren med hakkete rørsler. Spratt bortover, fraus til, spratt vidare. Ho følgde turistane med blikket. Mennene hadde store kamera rundt halsen, sveitteband og fjellsko. Jo meir utstyr, jo mindre kjem dei til å gå mens dei er her, tenkte ho. Ho prøvde å fri seg frå dette blikket, eit blikk ho tenkte på som hans, ikkje hennar: Ho hadde planlagt turen så lenge, og om ho ikkje kunne glede seg over å vere her, da var det heile bortkasta. Ho lurte på kor han var, han skulle parkere bilen og hente nøklane, men han hadde vore borte ein halvtime allereie. Ho prøvde å hente fram ei rein kjensle i seg sjølv, tvinga seg til å sjå uhilda på det ho hadde framfor seg, finne attende til det som først fekk henne til å vilje dra hit. Men kva var det? Det var brått så uklårt for henne. Ho sat på kofferten med hendene mot knea og kjente seg nedtrykt og sliten. Kva stod det på den lappen på stolpen? Ho merka ikkje Jon før han stod framfor henne, andpusten og med sveitten rennande frå ansiktet.

Det var som om ho berre hadde sinne i seg, som om det ikkje var plass for andre kjensler enn dette raseriet. 

Hei, sa han. Det var langt, ja! Langt å gå frå parkeringa og eviglang kø i resepsjonen.

Han fortalde at han hadde møtt ei elgku og kalven hennar på vegen hit. Han verka slett ikkje irritert, som i bilen. Dei gjekk i lag til hytta, som låg like ved sida av stien, eit stort, kvadratisk rom, lågt under taket, med solide furumøblar og raude gardiner. Ho drog dei for, elles såg folk som gjekk forbi, rett inn til dei. Det såg ut som om heile rommet stod i brann med gardinene attlatne. Ei stripe kvitt lys stod som eit knivblad innover tregolvet, det var så vakkert, og ho ville seie noko om det til han, og snudde seg, han stod og leitte etter noko i bagen sin.

Sjå! sa ho og peikte mot den mørkeraude gardina. Mm, fint, sa han. Han lurte på om ho hadde sett boka hans. Ho rista på hovudet, såg for seg boka liggande i bilen, i baksetet, men det kunne ha vore for fleire dagar sidan. Har ikkje sett noka bok, sa ho. Han stod med eit tenksamt uttrykk og såg seg rundt. Den siste stripa av dagslys trekte seg attende, og gardinene mista det gylne skinet.

Da dei låste seg ut frå hytta for å få seg noko å ete, var det så mørkt at himmelen og jorda gjekk i eitt.

Dette var den sjette kvelden på reisa, og dei hadde nådd målet. Dei gjekk ein tur langs kanten, han litt bakanfor henne, og ho fraus i dei tynne kleda, var ikkje førebudd på at det skulle vere så kjølig, det var kaldare her enn i fjellet heime, og ho var kledd for sommaren. Folk dei møtte, var fortettingar i mørket, nesten umoglege å sjå, svarte skuggar som snakka lågt på kvart sitt språk. Det var som å gå heilt på enden av verda, som å vere i ein draum.

Dei titta utfor kanten, men dei såg ingenting. Framfor dei kunne det like gjerne vore eit hav som ein dal, bølgjande, svart. Ein stad midt i det mørke, der lyste det eit einsleg lite lys. Ho lurte på kva det kunne vere, men ville ikkje spørje.

Han peikte utover mot lyset og sa det var ei jente som var borte.

Ho forsvann i førre veke.

Er det sant? Er lyset henne? sa June.

Han lo ein tørr liten latter. Nei, men dei seier at far hennar er der nede og leiter, at han nektar å gi seg.

Kor gamal var ho, da?

Seksten, trur eg.

Uffameg. Så ho er død, da, sa June.

Han trekte på skuldrene. Ho er nok det.

Korleis veit du alt dette? spurde ho.

Han sa han fekk høyre det da han henta nøklane til hytta. At det var plakatar fleire stader der det stod om henne.

Dei ber folk vere forsiktige, ikkje legge i veg utan nok drikke, slike ting. Men eigentleg er det eit under at det ikkje døyr fleire her. Tolv kvart år, det er jo ingenting.

Bøker av Therese Tungen
Therese Tungen

Therese Tungen

Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule. Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar  - boka fekk strålande mottaking, og vart nominert til Ungdommens kritikerpris. Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. Kjærleik og det som liknar (2019) er Tungens andre novellesamling, 

Les mer

Aschehoug debutantstipend til Therese Tungen

I Ein gong var dei ulvar skriv Therese Tungen om kva som skjer når uventa ting skjer. Korleis skal ein fortsetje når alt rundt ein endrar form?

Møt Therese Tungen

Therese Tungen er forlagsredaktør på Samlaget, debuterte med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. No er ho aktuell med ny bok.

Hjemlandet og andre fortellinger

– Vidunderlig god. Boka til Kronprinsesse Mette-Marit er elendig norgesreklame, men glimrende reklame for norsk litteratur, skriver Dagbladet og gir boka en sekser.