Foto: Asko Künnap

Bli kjent med debutant Øyvind Rangøy

Å debutere som forfatter er nervepirrende, fylt med glede og bekymring. Men uansett følelse som sitter i kroppen er det en stor dag å holde sin egen bok i hendene for første gang.

Vi har snakket med en av høstens debutanter, Øyvind Rangøy, som har skrevet boka "Dødsbu" som utgis i august.

Hvilke forventninger har du til å utgi bok?

Eg trur det mest ærlege svaret er at eg ikkje veit. Kanskje blir det mykje merksemd, kanskje lite. Kanskje vil eg gjennom boka få nye venner og viktige menneske i livet, kanskje ikkje – kanskje vil eg få mange eller få eller nesten ingen bokmeldingar og kanskje vil dei vere begeistra eller lunka eller kanskje til og med negative – kanskje kunne eg tenkt meg å skrive dei negative sjølv, sidan eg til tider kan ha fantasi til det.

Kanskje kan eg til og med i augneblinkar lure på om det finst sjansar til nominasjonar og slikt, i andre augneblinkar avskrive det eller aktivt avstå frå å tenkje på det. Kanskje vil det blir mange opplesingar og arrangement, kanskje færre.

Men ei klar forventning har eg vel: eg vil kunne setje endeleg punktum for spørsmålet om eg kjem til å debutere i Noreg.

Hvorfor ble det akkurat denne boka, tror du?

Fordi akkurat denne boka hadde lyst å bli til, og frå tidenes morgon, kanskje med Guds hjelp eller på måtar vi ikkje fattar, har sendt små dytt og kvantehendingar gjennom årmilliardane for å skape dei eksakte føresetnadene for at de skulle gå akkurat slik. Og kva har vel eg å stille opp mot alt det?

Hva inspirerer deg?

Kjensla av samanheng, når det konkrete og erfarte med lukt og lys rører ved større historier frå innsida og projiserer seg på himmelen som om det store og det lille trass alt heng saman. Eller enklare sagt: det å brått vere uventa lite åleine i verda.

Hvis boka skulle hatt et soundtrack – hvilken låt eller musikkstykke skulle det være?

Oi, det måtte nesten vere ei heil speleliste, trur eg. Kan eg til dømes prøve slik: E slåttatæja – Hans Hyldbakk/Henning Sommero. Ut mot havet – Edvard Fliflet Bræin. Å dikte – Tor Jonsson/Henning Sommero. Masken – Ole Paus. Für Aline – Arvo Pärt.

Hva leser du nå?

Akkurat no i denne stolen, i svarande stund: Sirkusdirektøren av Knut Ødegård.

Kjøp 
  1. Dødsbu
    Dødsbu
    Pocket
    299 kr
    På lager
Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy (f. 1979) er omsetjar, translatør og universitetslektor, utdanna estiskfilolog og master i nynorsk skriftkultur. I ti år var han kvalitetsleiar ved eit lakseslakteri.

I 2019 debuterte han med diktsamlinga Sisikond (innvolar) på estisk. For debuten fekk han Betti Alver-prisen, tilsvarande Tarjei Vesaas' debutantpris her i Noreg.

Dødsbu er Rangøys første bok på norsk.
Les mer

Bli kjent med debutant Khaleel Etwebi

Khaleel Etwebi debuterer denne høsten med "Nu klinger igjennom bartebyen".

Bli kjent med debutant Helle Haugsgjerd

Helle Haugsgjerd debuterer denne høsten med "Hver natt dør jeg"

Bli kjent med debutant Marianne Marthinsen

Marianne Marthinsen debuterer denne høsten med "Selveiersanger"