Lyden av stein som flyttar seg under vatn 

Lars Ove Seljestad har skreve ei ei poetisk-eksistensiell diktsamling med røter i levd liv. Boka følgjer opp den kritikarroste lyrikkdebuten Storspring. Fabrikkdikt, som kom i 2013. 

 

har du høyrt
lyden av stein
som flyttar seg
under vatn
dei seier
du gløymer den
aldri

 

I årets bok held Seljestad fram den poetiske behandlinga av produksjonsprosessen i ei rekkje skarpe og presise dikt. Samstundes utvidar han perspektivet til også sentrallyriske motiv: livet, naturen, kunsten og døden.

Samlinga inneheld store, sterke og stolte dikt som rører ved kjernen av det å vera til, av det å ha fått eit liv og ein vilje til å prøva ut ulike måtar å skape meining i livet.
 

DET ER DEN DRAUMEN 

(Fritt etter Olav H. Hauge og Sverre Lysgaards sosiologiske klassikar Arbeiderkollektivet)

Det er den draumen me ber på
at noko heilt vanleg skal skje
at vekkarklokka skal ringa
at bilen skal starta
at fabrikkportar skal opna seg
at garderobeskapsdøra skal opna seg
at det teknisk-økonomisk-instrumentelle
rasjonalitetssystemet skal krevja
at arbeidsfolk skal springa
at solidariteten skal gjelda
at me ei arbeidsstund skal glida inn
på ein kollektiv buffer
me alltid har visst um

 

SMÅ FOLK 

små folk
er det alltid nok av
små folk
er dei som bygger bruene
små folk
er dei som andre ler av
små folk
er dei som ryddar vegane
små folk
er utan betydning
små folk
er dei som køyrer bosset
små folk
er dei som blir utnytta
små folk
er dei som vaskar husa
små folk
er dei som blir utbytta
små folk
er dei som blir forelska
små folk
er mine folk
 

Om Storspring. Fabrikkdikt

Storspring. Fabrikkdikt er Lars Ove Seljestads debut som lyrikar. Dikta handlar om fabrikken og industrien som metafor, men også konkret om skiftarbeidet og sjølve produksjonsprosessen på eit smelteverk, og endeleg handlar diktet om nedlegging og utflagging av industriell produksjon fra Norge. Dette er kraftfulle dikt. Frå første side har Fabrikken stemme, han er personifisert som i eventyr og fablar. Her er eit vell av lyriske virkemiddel og talemåtar frå bibel og epos til skillingsviser og folkelege rim.

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad (f. 1961) er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen "Blind" (2005) som sette omgrepet "klassereise" på dagsorden i den norske offentligheita. Sidan har dei skjønnlitterære verka gått heilt originale vegar, først med "Frægd" (2008) og så med "Fjorden" (2011). Den første av dei to skreiv inn ei saga- og rallarhistorie i ei forteljing om oppvekst på ein vestnorsk gard, den andre er ein sjølvgranskande far-son-tilhøvet-roman som handlar om at barnet er far til mannen. "Isberg" (2012) er ei samanveving av ei poetisk og fryktinngytande naturkrafts stemme og ein prosatekst om ein ung manns tap og fall. Boka var nominert til Ungdommens kritikerpris. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med "Storspring. Eit fabrikkdikt" som fikk lysande meldingar. Med "Kjære bror" (2014) var Seljestad tilbake i romansjangeren noko han også gjorde med "Ta hand om deg" (2017). "Snøen stryk ut alle spor" (2019) er den tredje romanen på rad som favnar djupt i tette familieband, i eit heilt uvanleg kjenslevart portrett av ein tolv år gamal gut og hans tilhøve til mor, far og lillebror.

Les mer

Adelheid Seyfarth. Så blomstret rogna

Svullrya-kvartetten er komplett. Adelheid Seyfarth skriver fargerikt, skarpt og egenartet, klokt og nyansert.

Bokpodcast. Litteratur på øret.

Å lytte mens du trener eller fikser ting, er gull. Enten du hører på lydbøker eller du er podcastentusiast. Her er gode bokpodcaster du kan lytte til og som vil gi deg inspirasjon til å lese. 

Leselyst skapes med nye bøker

– Vi er optimister på litteraturen og på lesingens vegne, sa forlagsdirektør Åse Ryvarden under dagens presentasjon av vårlista.