Når lytta du sist til musikken i butikken?

Bli med inn i eit fargerikt og bråkete landskap, alle som har handla inn til tirsdagsmiddagen kjenner det berre så altfor godt, og samtidig - kanskje ikkje i det heile?

I Butikksongar høyrer vi tre ulike stemmer fortelje historier om matvarer, menneske og liv i rørsle og stillstand. Ein butikkmann bur på ein stad alle drar frå, ei småbarnsmor drøymer om marknadskrefter og Adam Smith, og frå vindauget sitt ser ei eldre kvinne slaktebilen nærme seg.

Dikta i Butikksongar er lett tilgjengelege, slik varene i hyllene er det. Men pirk litt i overflata og spør deg sjølv: Når lytta du sist til musikken i butikken?

Hvilke forventninger har du til å utgi bok? 

Nesten ingen! Kvar gong nervøsiteten tek overhand seier eg til meg sjølv at det mest sannsynlige er at Butikksongar knapt blir lesen eller meldt i det heile. Så tenker eg: Heldigvis! Eller: Dessverre! Alt etter dagsforma. Djupast sett synest eg nok at det er trist at det er slik, eller at det har blitt slik, rettare sagt. Eg er så glad i litteraturen, og drøymer om at v i skal greie å legge frå oss mobiltelefonane snart, og vende tilbake til dei djupe og samanhengande tankane som bøker kan romme. Eg inkluderer meg sjølv i det håpet. Eg brukar mykje meir tid på tv-strøyming og sosiale mediar enn eg eigentleg vil.

Hvorfor ble det akkurat denne boka, tror du?

Eg blei mor då eg var 21, og i dag har eg to gutar på seks og ti år, som er verdas herligaste. Men det er klart at det har vore tøft også. I ein periode var turen til matbutikken ei av få stunder eg hadde for meg sjølv. Det var som å stikke hovudet opp av vatnet! Eg la merke til fargane, lyset, menneska ... Og matvarene, i all si prakt. Det var nesten som ein liten visjon, som i diktet til Allen Ginsberg om å møte Walt Whitman på ein supermarknad i California. Eg tenkte at her går det også an å dikte. Og så gjorde eg det. Sambuaren min var alltid like forbløffa over kor lang tid det tok frå eg drog på butikken, til eg kom heim med matvarene.

Det var ei stor oppleving å bli kjend med skrivekunsten eg ikkje hadde visst om, og det ga meg ein sterk trong til å ville skape noko sjølv.

Hva inspirerer deg?

Det er lett: Andre bøker. Etter ein periode i ungdommen der eg var overtydd om at eg skulle debutere som 17-åring la eg heilt vekk skrivinga, og gjekk opp i morsrolla og studiane mine i sosialantropologi. Så skifta eg til litteraturvitskap, og det var heilt fantastisk. Eg kjem ikkje frå ein litterært interessert familie, og hadde ikkje høyrt om slike forfattarar som Marcel Proust, Gertrude Stein, Francis Ponge ... Eller Lukrets og Vergil, for den del. Det var ei stor oppleving å bli kjend med denne skrivekunsten eg ikkje hadde visst om, og det ga meg ein sterk trong til å ville skape noko sjølv. Det er litt overraskande kanskje. Eg kunne jo også mista motet heilt, men eg er tydeligvis ikkje så beskjeden som eg likar å tru!

Hvis boka skulle hatt et soundtrack – hvilken låt/musikkstykke skulle det være?

Å du som metter liten fugl! Nei da. Eller jo, eg vurderte faktisk å gi samlinga ein tittel inspirert av eit eller anna bordvers. I min eigen familie syng vi aldri for maten, men eg hugsar godt at vi gjorde det heime på Sunnmøre, der eg vaks opp. Framleis kan eg få kjensla av noko uhøyrt når eg berre forsyner meg utan vidare, utan den vesle seremonielle pausen fyrst. Kanskje det er det nokre av desse dikta er? Den vesle stunda ein dveler ved det ein har i hendene, før ein slenger det i korga eller gaflar i seg.

Hva leser du nå?

Akkurat no les eg The Glass Essay av Anne Carson, for sikkert syttande gong. Det er eit dikt som kallar seg eit essay, og som er begge deler på ein gong. Det handlar om ei kvinne som reiser på besøk heim til mor si etter eit samlivsbrot, samtidig som det handlar om Cathy og Heathcliff i Wuthering Heights og om Emily Brontë, forfattaren som skreiv om dei. Teksten er enkel, vond og morosam, og lukkast i å fortelje mange historier på ein gong, i tillegg til å gi så mykje innsikt i ei vellukka poetisk form. Det er rett og slett eit lite meisterverk! 

Kjøp Butikksongar her
Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide

Helene Hovden Hareide (f. 1989) kjem frå Hareid på Sunnmøre. Ho er litteraturvitar og journalist, og har tidligare gitt ut ei gjendikting av livsverket til den mexicanske poeten Gloria Gervitz: Migrasjonar. Diktsamlinga Butikksong er hennar skjønnlitterære debut.
 
 
Les mer

Debutantintervju: Silje O. Ulstein

Les hvilke forventninger høstens debutanter til å gi ut bok, og ikke minst hva som inspirerer dem til å skrive!

Debutantintervju: Simen K. Nielsen

Les hvilke forventninger høstens debutanter til å gi ut bok, og ikke minst hva som inspirerer dem til å skrive!

Forfatterne anbefaler

Vi har spurt 11 forfattere hvilke bøker de anbefaler å lese denne våren. Sjekk denne listen, her er det mange gode anbefalinger!