Om talekunst

De oratore I-III

Velg format

159 kr
På lager
ISBN
9788203218491
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
"Om talekunst", "De Oratore", er eit meisterverk innan latinsk prosa. Med denne utgåva finst det endeleg komplett på norsk.
"Om talekunst" består av tre bøker, og vart til ikring året 55, på ei tid da Cicero var tvinga til å dra seg ut av det politiske livet. Dei er skrivne som samtalar eller dialogar, "slik Aristoteles brukte å gjera det", skriv han i eit brev.
Eit av dei sentrale tema Cicero tek opp, er om brei filosofisk og litterær danning er eit naudsynt vilkår i ein opplyst offentleg tale. Er talaren ein spesialist på faget kommunikasjon på same måten som ein bonde har forstand på landbruk og skodespelarar duger til å gje eit drama liv på scenen? Eller bør han vera ein forstandig kar som i tillegg til talegavene sine har store kunnskapar på alle felt og mykje praktisk skjøn, og som difor kan snakka klokt og utførleg om dei fleste saker, i eit fagert og hoveleg språk?
Talekunst handlar om å overtyde, om korleis ein tale bør byggjast opp, om val av ord og stilnivå og om ei god framføring. Men ingen kan vere ein god talar, seier Cicero, utan at han er eit anstendig menneske - talaren må vera truverdig om folk skal festa lit til han.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2012
ISBN 9788203218491
Format Ebok
Språk Nynorsk
Oversetter Hermund Slaattelid
Salgsdato 09.10.2012
Orig. tittel De oratore
Emne Antikken Faglitteratur Muntlig kommunikasjon

Marcus Tullius Cicero

Marcus Tullius Cicero (106-43 f. Kr.) blir rekna som ein av dei største talarane i historia. Han skreiv dessutan innsiktsfullt om retorisk teori, mellom anna om kva som kjenneteiknar den gode talen og om tilhøvet mellom retorikk og filosofi. Les mer