Nordriket

roman

Velg format

Tilbudspris 305 kr Før 349 kr
På lager
ISBN
9788203267789
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle

Vis info om boka Skjul info om boka

Sider 260
Utgitt 2020
ISBN 9788203267789
Format Innbundet
Språk nno
Bokgruppe 411
Salgsdato 17.09.2020
Emne Romaner Skjønnlitteratur Dystopier
«Vi skal få alt til brenne.»

I ei verd som kan minne om vår eiga, blir den vesle, uavhengige staten Nordriket trua av den overlegne krigsmakta til Føderasjonen. Angrepet på Nordriket set i gang ein geriljakrig der terror og religiøs ekstremisme raskt veks fram.

Harald, sonen til den store motstandshelten i Nordriket, forvandlar seg gradvis til ein soldat alle må frykte. Søstera Ingebjørg leitar både etter ektemannen som er teken til fange av Føderasjonen, og etter ein måte å komme seg bort frå krigen på.

Men når den føderale offiseren Henok blir sendt for å knuse motstandsrørsla, blir alt kasta om på.

To ulike sivilisasjonar kolliderer og set familie, venskap og tillit på prøve - og i spel.

«Sveen er nærmast blitt som ein nestor å rekne når det kjem til meisterlege skildringar og dramatiseringar av menneskelege relasjonar innanfor rammene av naud, desperasjon, forfall og undergang.» Øystein Hauge Romsdals Budstikke (Terningkast 5)

«Nordriket er spennende og drivende helt til det siste.» Even Teistung, Vårt Land

«Nordriket er en actiondrevet bok, med nikk både til J.R.R. Tolkien og George R.R. Martin. ... fascinerende er det, og særlig språket er friskt, vekslingen mellom det vakre og det groteske. Boken kan likeså godt leses som en fantasyfortelling om Taliban. Uansett hvilken gud man tror på: dette handler om religiøs fanatisme, hvordan den oppstår og hvordan den sprer seg. ... en fascinerende og litt speisa fortelling om hva langvarig krig og konflikt gjør med et folk, og med enkeltmennesker.» Ellen Sofie Lauritzen, Dagens Næringsliv

«Ved på denne måten å teikne eit vrengebilde, nærast ein karikatur, av menneskets og samtidas råskap, blir Sveens versjon av bestialitetens historie kraftfull.» Margunn Vikingstad, Morgenbladet

«Nordriket er skremmende virkelighetsnær. Men den er også en spennende fortelling om religiøs fanatisme, om kjærlighet og frykt.» Turid Larsen, Dagsavisen
Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen (f. 1981) er frå Fræna i Møre og Romsdal, men bur i Oslo. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland.  Han fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka Køyre frå Fræna (2008). Da Jo Nesbø fekk Den norske lesarprisen i 2008, ga han ekstraprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen. Også for si andre bok, romanen Eg kjem tilbake (2011), fekk han glitrande kritikkar.

Guds barn (2014) var den tredje boka hans og eit litterært gjenombrot. Kritikkane var framifrå, og romanen er solgt til Danmark, Sverige, Frankrike, USA og Kina. For boka fekk han blant anna Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015 - romanen var nominert til Kritikarprisen for beste vaksenbok 2014, til Ungdommens kritikarpris, Natt & Dags Oslopris og P2-lyttaranes romanpris samt til IMPAC Dublin Literary Award 2020. Lars Petter Sveen har fått Mads Wiel Nygaards legat for sin forfattarskap, han ble tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2014 og var blant dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015.

Han siste romanar Fem stjerner (2017) og Fem skuggar (2018) fortel om fem unge menneske på flukt.

Les mer