Kjærleik og det som liknar

noveller

Velg format

179 kr
På lager
ISBN
9788203268472
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle

Vis info om boka Skjul info om boka

Sider 333
Utgitt 2020
ISBN 9788203268472
Format Pocket
Språk nno
Bokgruppe 502
Salgsdato 02.10.2020
Emne Noveller Skjønnlitteratur Kjærlighet
I Kjærleik og det som liknar tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen. Kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei. I Kjærleik og det som liknar utforskar Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.
Therese Tungen

Therese Tungen

Therese Tungen (født i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturanmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule.
Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga EIN GONG VAR DEI ULVAR - boka fekk strålande mottaking, og ble nominert til Ungdommens kritikerpris.
Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. Les mer

Artikler

Møt Therese Tungen

Therese Tungen er forlagsredaktør på Samlaget, debuterte med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. No er ho aktuell med ny bok.
Les mer

Aschehoug debutantstipend til Therese Tungen

I Ein gong var dei ulvar skriv Therese Tungen om kva som skjer når uventa ting skjer. Korleis skal ein fortsetje når alt rundt ein endrar form?
Les mer

Kjærleik og det som liknar

Ønsket om nærleik til andre kan vere både ei vakker og destruktiv kraft. I Kjærleik og det som liknar skriv Therese Tungen om desse eldgamle tema.
Les mer