Kjære bror

roman

Velg format

159 kr
På lager
ISBN
9788203358197
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Kva var det eigentleg som skjedde då Arne vart borte på tjueårsdagen? Kva var det faren eigentleg meinte med det han sa til sonen? Kvifor kom Arne aldri heim igjen fra arbeidet på fabrikken? Kva var det som rørte seg i storebroren den natta alt gjekk galt?
Desse spørsmalå har følgd veslebroren, Svein, gjennom heile vaksenlivet. Med den vaksne mannens
livserfaring prøver han, enda ein gong, å gå igjennom det som hende den gongen for så lenge sidan da han, bratt, ikkje lenger var ein veslebror.
Lars Ove Seljestads nye roman "Kjære bror" er ei klok fortelling om det sårbare livet, men aller mest er dette ei vakker skildring av kjærleiken og samhaldet mellom to brør som veks opp saman i ein liten by på den vestnorske regnkysten. "Forfattaren har ei sterk forteljing å by på, med eit grunnleggjande spørsmål om kor farleg dei små nyansane i språket vårt er. Det er ei vakker bok, mørk og sterk, om kjærleik mellom brør."
Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen (terningkast 5)

" 'Kjære bror' er på samme tid brutal og vakker. Skildringen av lillebrors betingelsesløse kjærlighet til storebror vil bli stående i litteraturen. (...) 'Kjære bror' flyter rundt fjorden, fonna, fabrikken, familie, farsfigur, fravær - og forsoning. Det handler om virkelige fotspor. Spor som ikke viskes ut."
Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

"Grepet å gi teksten brevs form er rett og slett umåtelig godt. På den måten gir jeg-fortelleren sin døde bror et liv. Med fortellingen om deres felles barndom og oppvekst formuleres brorens korte livshistorie. Og allerede på de første sidene etableres et rent «hva skjedde» - spenningsmoment. Langsomt sirkler fortelleren seg inn mot det vanskelige, det uutholdelige."
Astrid Fosvold, Vårt Land

"I tradisjonell og trygg psykologisk-realistisk form skildrar Seljestad i munnlege, lettflytande, gjerne lange periodar, veslebrorens rekonstruksjon av barndommen og oppveksten deira. Han gjer det innforlevd og vakkert."
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

"Seljestad kombinerer litterær kvalitet med klarsynt samfunnsengasjement.
Dag Eivind Undheim Larsen, Klassekampen

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2014
ISBN 9788203358197
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 14.08.2014
Emne Skjønnlitteratur Søsken Romaner
Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad (f. 1961) er utdanna sosiolog og er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen Blind (2005) som sette omgrepet «klassereise» på dagsorden i den norske offentlegheita. Sidan har han skrive seks romanar og ei essaysamling. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med Storspring. Fabrikkdikt, som fekk lysande meldingar. Les mer

Artikler

Lyden av stein som flyttar seg under vatn

Lars Ove Seljestad har skreve ei ei poetisk-eksistensiell diktsamling med røter i levd liv. Boka følgjer opp den kritikarroste lyrikkdebuten Storspring. Fabrikkdikt, som kom i 2013.
Les mer