KAKEFEST!

Det har alltid vore vanleg for folk å hjelpe kvarandre med baksten til store dagar. Og mange gode barndomsminne knyter seg til festdagar. Då kom alle tantene med si «spesialkake» til kakebordet. Denne kaka er ein vinnar. Den er slik at du mest ikkje får auga frå henne. Dekorativ til det uimotståelege og eit syn som gjer kakebordet perfekt!

Tekst: Trude Teige

Eg kjem frå eit kakedistrikt og er ein kakemons! Det er heilt sikkert fleire enn min mann som har kome til Sunnmøre for å gifte seg med ei sunnmørstaus, og fått sjokk ved synet av kakebordet i sitt eige bryllaup: Rundt rekna bruker det å vere om lag ei kake per gjest på Sunnmøre! Men skikken med at dei som har baka kake, også tar med seg fatet når dei forlét selskapet – med eventuelle restar – er både praktisk og nødvendig – og sikkert ei stor lette for brudgommen!

Då eg voks opp, var det også eit fast ritual å bake kake til helga – kvar helg heile året igjennom. Så eg kjem ikkje unna kaker; festkaker og kvardagskaker, kaloribomber og sunne kaker, lettvinte kaker og arbeidskrevjande kaker, velkjende kaker og kaker som er litt bortgløymde, men som godt kan bringast fram i lyset igjen.

Tante Ågots festkake

SUKKERBRØD
4 egg
200 g sukker
50 g potetmjøl
50 g kveitemjøl
Skalet av ein riven sitron

Pisk egg og sukker godt. Ha i rive sitronskal, kveitemjøl og potetmjøl. Hell røra i smurd, strødd form og steik kaka på middels sterk varme.

KAFFIKREM
200 g smør
3–4 ss melis
Litt sterk kaffi (laga av ca. 40 g
Finmalen kaffi og 2 dl vatn)
Pressa sitron

Kok kaffi og avkjøl den. Rør smør og sukker kvitt og drypp i kaffi litt etter litt. Tilset til slutt litt pressa sitron. Ver forsiktig så kremen ikkje blir for tynn.

PYNT
50 skålda mandlar
Ca. 1 1/2 dl sukker
Mokkabønner

Brun sukkeret og ha i mandlane. Legg dei på eit bakepapir og skil dei frå kvarandre. Knekk av eventuelt stygge kantar. Del kaka i to og fyll med eit tynt lag med kaffikrem. Legg kaka på eit fat og dekk med eit tynt lag med kaffikrem. Bruk ei kakesprøyte til å sprøyte diagonale strekar med kaffikrem på utsida av kaka. Sprøyt kremtoppar rundt ytterkanten. I neste rad legg du brente mandlar, så ei rad med krem, i neste rad mokkabønner, så ei rad med krem. Gjenta dette heilt inn til midten av kaka.

Matminne frå mors kjøkken er ei bok som har som mål å inspirere til å ta i bruk vår heimlege, tradisjonelle matskatt og prøve noko «gamalt nytt». Ikkje mat som for lengst er gått ut av bruk fordi det er vanskeleg å få tak i råvarene som trengst, fordi det er for tungvint å lage, eller fordi vår oppleving av kva som er godt, har forandra seg – men norsk tradisjonsmat som i dei seinare åra meir og meir har måtta vike for utanlandske retter og ikkje minst moderne «pose- og boksmat».

Til minne om mor mi
og alle andre mødrer
som fylte barndomen
med lukt og smak
og gjorde minna sanselege.

Les mer om Matminne fra mors kjøkken