Isberg

roman

Velg format

149 kr
På lager
ISBN
9788203353123
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2012
ISBN 9788203353123
Format Ebok
Språk nno
Bokgruppe 852
Salgsdato 04.09.2012
Emne Romaner, Skjønnlitteratur, Snøskred, Ensomhet
Eit veldig snøras knuser eit grønt hus. Ekteparet som ligg og søv i huset, dør i ulykka. I kjellaren ligg ein ung gut. Innestengt av den kalde snøen. Han hører huset skrika. Då raset er over, er han åleine. Gjennom nøye utvalde scener følgjer vi livet hans etter den skjelsettande hendinga. Det går eit ras gjennom denne boka som er ei rystande og kraftfull fortelling om tap, einsemd og vold. Eiturovekkande blikk inn i eit skadd sinn.
Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad (f. 1961) er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen "Blind" (2005) som sette omgrepet "klassereise" på dagsorden i den norske offentligheita. Sidan har dei skjønnlitterære verka gått heilt originale vegar, først med "Frægd" (2008) og så med "Fjorden" (2011). Den første av dei to skreiv inn ei saga- og rallarhistorie i ei forteljing om oppvekst på ein vestnorsk gard, den andre er ein sjølvgranskande far-son-tilhøvet-roman som handlar om at barnet er far til mannen. "Isberg" (2012) er ei samanveving av ei poetisk og fryktinngytande naturkrafts stemme og ein prosatekst om ein ung manns tap og fall. Boka var nominert til Ungdommens kritikerpris. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med "Storspring. Eit fabrikkdikt" som fikk lysande meldingar. Med "Kjære bror" (2014) var Seljestad tilbake i romansjangeren noko han også gjorde med "Ta hand om deg" (2017). "Snøen stryk ut alle spor" (2019) er den tredje romanen på rad som favnar djupt i tette familieband, i eit heilt uvanleg kjenslevart portrett av ein tolv år gamal gut og hans tilhøve til mor, far og lillebror.

Les mer

Artikler

Lyden av stein som flyttar seg under vatn

Lars Ove Seljestad har skreve ei ei poetisk-eksistensiell diktsamling med røter i levd liv. Boka følgjer opp den kritikarroste lyrikkdebuten Storspring. Fabrikkdikt, som kom i 2013.
Les mer