Ikkje kødd med grandisen!

Matminne frå mors kjøkken av Trude Teige handlar om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre, og er difor også ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjonar og identitet.

[dropcap custom_class=»normal»]E[/dropcap]in gong vart det bestemt at vi skulle eksperimentere med kontinental mat til laurdagskosen i heimen. Vi fekk pizza. Eg tok to bitar og svor på at eg aldri skulle ete slikt igjen.

[spacer]

Tekst: Arve Kalvø

[spacer]

Ikkje lenge etter kom grandiosaen inn i våre liv og forandra alt. Det er sikkert dei som vil hevde at Pizza Grandiosa ikkje er tradisjonsmat. Vanligvis når ein snakkar om tradisjonsmat, meiner ein mat som har vore nedgraven, opphengt, drukna i kaustisk soda, eller øydelagt på andre måtar før han blir servert. Tradisjonsmat er mat som vart funnen opp av desperate menneske som gjorde kva som helst for å få maten dei hadde, til å vare lengst mulig. Slik mat gjekk naturlig nok av moten då folk fekk arbeid, lønn, kjøleskåp, komfyr og liknande. Før det vart mote igjen då nokon fann ut at tradisjonsmat eigentlig er ei samlenemning for mat som er for salt til å ete utan å drikke ein del liter øl til.

 

Såleis er grandiosaen på mange måtar det motsette av det ein elles reknar som tradisjonsmat. Grandiosaen er billig og lettvint og ny. Men grandiosaen er eit stykke sunnmørsk mathistorie. Då ferdigmaten kom til den norske laurdagskosen, var han produsert på Sunnmøre. Alle som skildrar den urnorske laurdagskvelden i heimen, meir eller mindre ironisk, nemner grandiosaen. Sjølvsagt er det ein tradisjon. Og grandiosaen opna oss for nye smakar og gav oss ein mild overgang til framand mat:

 

Den neste gongen eg smakte ekte pizza, etter å ha ete grandiosa ei stund, likte eg det veldig godt. Fleire frå min generasjon har det same forholdet til grandiosaen som feite menn med skjegg har til graven og hengt og luta mat: At dette er ein tradisjon det ikkje skal tuklast med. Då Pizza Grandiosa vart lansert med ny smak (mild taco, av alle merkelige ting), var det mange som reagerte.

 

Eg opplevde fleire gonger i nærbutikken at folk på min eigen alder la mild taco-pakken tilbake, rista forferda på hovudet og sa: «Ein køddar ikkje med grandisen.»

[spacer]

Arve Kalvø er humorist og bidrar med denne teksten i Trude Teiges bok Matminne frå mors kjøkken, som nylig er utgitt på ny.

[spacer]

Matminne frå mors kjøkken

Sanselege minne… Lukt og smak gjer minna frå barndom og oppvekst sanselege: Sveler som mor pakka inn i smørpapir og kasta ut til oss ungane som leika i snøen, kveldsturar på sjøen saman med far, lukta av kjøt eller fisk som hang til tørk, bærplukking i skogen, lefsebaking til jul.

Denne boka handlar om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre, og er difor også ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjonar og identitet.

[spacer]