Hogst

Velg format

169 kr
På lager
ISBN
9788203360633
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Det er stumt mellom trea, under fjella og himmelen. Det har det alltid vore. Gorm gjer berre som far sin og far hans igjen, han høgg tre. Heilt frå han var barn, har han arbeidd med faren i skogen. No er faren nett død, men framleis er Gorm uvitande om alt som har gått føre seg. Faren og folk i bygda tagde alltid når han spurde. Talte dei, var det i gåter. Trass i togna driv det gamalt agg om ætt og arv imellom trea. Det må finnast nokon som veit kvifor faren var så hard til det siste, men folk berre snur seg etter skogen når han snakkar med dei.

Hogst handlar om ein mann som veltar under børa av det han aner, men ingen vil fortelje.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2016
ISBN 9788203360633
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 18.01.2016
Emne Hemmeligheter Romaner Skjønnlitteratur Familie

Rikard Ingdal

Rikard Ingdal (f. 1990) er oppvaksen på ein gard i Agdenes i Sør-Trøndelag, har ein master i Estetiske studier og litteraturvitenskap frå Universitetet i Oslo. "Hogst" er den første boka hans. Les mer