Ferjesvele – Sunnmørsk tradisjon på sitt beste

av

S

vele er noko av det beste som finst. Helst nysteikte, lunka, slik at smøret smeltar og blandar seg med sukkeret. Eg strevde ei stund med å få svelene slik som mor mi laga dei, men etter hvart synest eg dei liknar meir og meir; fløyelsmjuke, svampaktige og så porøse at dei går i oppløysing av seg sjølv på tunga. 

Tekst: Trude Teige

Og som eg gjorde det, kjem mine barn springande når dei kjenner lukta av svele og får vere med og steike. No er det deira tur å være korleis det skal gjerast. Eg håper dei vil hugse slvele for meir enn den gode smaken, at dei gugsar lukta i kjøkkenet, lyden av rødra som lett reste mot den varme takka, at det var ei gyggelstund rundt kjøkkenbordet.

Svele og ferje høyrer saman, og det er mykje takk vere mannen som begynte å steike svele på ferjene i Møre og Romsdal Fylkesbåtar i 46 år. Han fortel at han var van til sveler heimanfrå og begynte å steike svele på ferja «Hjørungavåg» då den vart sett inn i trafikk mellom Hareid og Ålesund i 1979.

– Det var visst ganske populært, seier han smålåten.

Og det kan han trygt seie. Skal tru kor mykje pengar ferjeselskapet har tent på sveler opp gjennom åra? For det er vel ikkje eit menneske på Sunnmøre som ikkje har kjøpt svele på ferja?

Oppskrift på ferjesvele

Oppskrifta og teksten er frå Matminne frå mors kjøkken

  • 5 egg
  • 1 stor kopp sukker
  • 1 l kulturmjølk
  • 1 l kveitemjøl
  • 1 ts natron
  • 1 ts hornsalt
  • 75 g maragin

Pisk egg, sukker, natron og hornsalg godt. Slå deretter i mjølka og rør inn mjølet. Ha til slutt i smelta margarin.

Svelene skal steikast gyllenbrune på kvar side. Den «originale» ferjesvela skal serverast med rørt smør og sukker. Men sirup, syltetøy og rømme eller brunost er heller ikkje å forakte.

 

Ble du sulten? Boka er heldigvis på tilbud til 199 kroner

Matminne frå mors kjøkken av Trude Teige handlar om tradisjonell norsk mat, skapt av formødrene våre, og er difor også ei bok om kvinnehistorie, matkultur, tradisjonar og identitet.

Ei folkelig og god bok som garantert blir en vinner på gavebordet

Dagbladet, terninkast 5

Det er sjelden norske matbøker strukker av slik hjemstavnsglede uten bismak

Borghild Fiskå, Stavanger Aftenblad, terningkast 5