Bla i boken

Fem stjerner

Annen tilknytning:

Velg format

169 kr
På lager
ISBN
9788242166258
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Å flykte er ikkje berre å forlate ein stad, men å forlate seg sjølv.

Aisha og Cali er to barnesoldater, men greier å rømme frå leiren utanfor Mogadishu. I ei fengselscelle i Etiopia møter dei Isir, Aaliyah og Bilan. Dei fem bestemmer seg for å halde saman og prøve å komme seg til Europa. Men korleis overleve i ei verd der ingen vil ha ein?
Med ingenting anna enn kvarandre, startar dei på ei reise gjennom Etiopia, Libya og over Middelhavet til Europa.

«Fem stjerner» er ein gripande roman om dei som mistar alt og reiser til ingenting. Det er ei fortelling der dei levande gøymer seg, og dei døde ønskjer å bli sett. Men det er óg ein roman om håp samhold og kjærleik. Kven er du når ingen vet kven du er?

«Fem stjerner» er første bok om flukta.

Vis info om boka Skjul info om boka

Utgitt 2017
ISBN 9788242166258
Format Lydbok (nedlastbar)
Språk nno
Bokgruppe 882
Salgsdato 28.09.2017
Emne Romaner Flyktninger Flukt Skjønnlitteratur Lydbøker Afrika
Lest av Silje Breivik
Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen (f. 1981) er frå Fræna i Møre og Romsdal, men bur i Oslo. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka Køyre frå Fræna (2008). Da Jo Nesbø fekk Den norske lesarprisen i 2008, ga han ekstraprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen. Også for si andre bok, romanen Eg kjem tilbake (2011), fekk han glitrande kritikkar.

Guds barn (2014) var den tredje boka hans og eit litterært gjenombrot. Kritikkane var framifrå, og romanen er solgt til Danmark, Sverige, Frankrike, USA og Kina. For boka fekk han blant anna Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015 - romanen var nominert til Kritikarprisen for beste vaksenbok 2014, til Ungdommens kritikarpris, Natt & Dags Oslopris og P2-lyttaranes romanpris samt til IMPAC Dublin Literary Award 2020. Lars Petter Sveen har fått Mads Wiel Nygaards legat for sin forfattarskap, han ble tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2014 og var blant dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015.

Han siste romanar Fem stjerner (2017) og Fem skuggar (2018) fortel om fem unge menneske på flukt. Les mer