Ein gong var dei ulvar

noveller

Velg format

169 kr
På lager
ISBN
9788203363139
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle

Vis info om boka Skjul info om boka

Sider 265
Utgitt 2018
ISBN 9788203363139
Format Pocket
Språk nno
Bokgruppe 502
Salgsdato 19.01.2018
Emne Skjønnlitteratur, Noveller
Ein gong var dei ulvar er ei samling noveller om menneske som møter noko nytt og ukjent i liva sine. Tekstane utforskar kva som skjer når folk blir pressa langt, av andre, av seg sjølv, av dei uventa retningane livet kan ta.
Allereie den første setninga grip tak i lesaren: «Det hadde regna og tora i ti dagar. Husa rundt hans stod tome og mørke, og fukta la seg som eit lag på huda og gjorde det tungt å puste. Kanskje var det berre han og Inger-Marie att i bygda, tenkte han.»
Dei seks tekstane har stor tematisk spennvidde: Ei ungjente går rundt i bygda ein sommarkveld og kjenner på saknet etter systera, som har fått kjæraste og er ute og festar. Tre ungar er åleine i ei leilegheit midt i jula, og straumen forsvinn. Ei kvinne får sparken, og merkelege ting skjer med kroppen hennar. Ein leigemordar sit i en bil utanfor eit hus og ventar på offeret sitt.
Therese Tungen

Therese Tungen

Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule. Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar  - boka fekk strålande mottaking, og vart nominert til Ungdommens kritikerpris. Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. Kjærleik og det som liknar (2019) er Tungens andre novellesamling, 

Les mer

Artikler

Møt Therese Tungen

Therese Tungen er forlagsredaktør på Samlaget, debuterte med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. No er ho aktuell med ny bok.
Les mer

Aschehoug debutantstipend til Therese Tungen

I Ein gong var dei ulvar skriv Therese Tungen om kva som skjer når uventa ting skjer. Korleis skal ein fortsetje når alt rundt ein endrar form?
Les mer

Kjærleik og det som liknar

Ønsket om nærleik til andre kan vere både ei vakker og destruktiv kraft. I Kjærleik og det som liknar skriv Therese Tungen om desse eldgamle tema.
Les mer