Dobloug-prisen til Helge Torvund.

Svenska Akademien har tildelt Dobloug-prisen for 2018 til Helge Torvund.

Tekst: Forfatterforeningen

Dobloug-prisen ble opprettet i 1938 på grunnlag av en testamentarisk gave fra den norske forretningsmannen Birger Dobloug til Svenska Akademien som opprettet et fond i hans navn. Prisen består av et kalligrafert diplom og et prisbeløp på 200 000 svenske kroner.

Den norske Dobloug-komiteen arbeider på vegne av Svenska Akademien, som godkjenner komiteens forslag til prismottakere. Den norske komiteen har i år bestått av forfatteren Mona Høvring, som representerer Den norske Forfatterforening, professor i nordisk litteraturvitenskap Per Thomas Andersen fra Universitetet i Oslo, og Hans H. Skei, pensjonert professor i litteraturvitenskap, som representerer Det norske Videnskaps-Akademi.

Juryen skriver følgende om Torvunds forfatterskap:

«Helge Torvund har gjennom nesten tretti diktsamlingar gjennom fire tiår frå slutten av 1970-talet, og gjennom stor aktivitet elles i teneste hos orda vist at han først og fremst er lyriker. Denne lyrikaren skriv i eit av sine tidlege dikt at han er «fylt til lippene av det verkelege», og det er ikkje tvil om at den unge lyrikaren høyrde til blant dei som skreiv konkrete dikt, som var til stades i verda. Samstundes visste han då og veit enno om avstanden mellom orda og verda, mellom dikta og livet, og er smerteleg klår over kor vanskeleg det er å fange augneblinken og samstundes sjå samanhengane dei små glimta går inn i. Erkjenninga av å måtte leve og dikte i ei slik spenning får ulik handsaming gjennom ein lang karriere som lyrikar, og i ettertid kan ein registrere at også han er «livsfasediktar» og at både det dikteriske uttrykket og haldningane som ligg under endrar seg med åra.

Elles har kritikarar og litteraturhistorikarar brukt omgrep som språkkritisk, minimalistisk, jordnær, kvardagsleg, heimsleg, naturdiktar og liknande om denne lyrikaren. Sjølvsagt må ein føye til nære menneskelege relasjonar, nærleik og kjærleik, for den enkle og direkte sansinga er med i heile forfattarskapen. Kjærleikslyrikken står sentralt – berre smak på tittelen på ei samling utvalde dikt: «Skal me leggje ein vedstabel saman?»

Torvund mottar prisen sammen med Vigdis Hjorth.