Møt debutant Therese Tungen

Therese Tungen

[dropcap custom_class=»normal»]T[/dropcap]herese Tungen er forlagsredaktør i Samlaget og debuterer no sjølv som forfattar med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Her fortel ho om kvifor ho skriv og hva ho helst les sjølv.

[spacer]

[spacer]

Derfor skriv eg

Det tok nokre år å få til denne første boka, og etter å ha fullført ei novellesamling sjølv, tenkjer eg at det er sprøtt at folk skriv. Det er hardt arbeid. Kvar bokstav, kvart komma skal hamrast ned, så skal kvar setning gjennom ei eller ti endringar, før dei kanskje til slutt blir stroke bort frå teksten. Det er jo noko sjukt over det å halde på med slikt.

Samstundes har skrivinga vore ein utruleg fin fristad, noko som er berre mitt og ingen andre sitt. Eg har sagt opp ein god jobb som redaktør for å skrive, eg har skrive i staden for å vere i hop med ungane mine i helgene, i staden for å møte venner. Og det har vore eit riktig val. Når eg kjenner at eg får det til, at det skjer noko i skrivinga, da er det ei revne inn i noko anna enn den litt skitne og stressa verda som eg trakker rundt i til dagleg. Stort sett blir det eg skriv ikkje så godt som eg gjerne vil, men alt er verdt det dei augeblikka og partia som eg merkar har eit løft i seg. Kvar setning treng heller ikkje å vere fullkommen, for det har ein verdi i seg sjølv å sleppe seg laus, og eg skjønte etterkvart at eg ikkje trengde å vere så redd for transportetappar, å forklare nokre samanhengar og den slags, dei fine tinga kan dukke opp på overraskande stader.

 

Sjølv les eg mest

Eg les mange bøker samstundes og fullfører altfor få av dei. Men det er nokre bøker eg må lese ferdig. Stoner av John Williams er ei av dei, tenk for eit tap det ville vore for oss i det 21. århundre om den romanen ikkje hadde dukka opp på nytt. Novellene til George Saunders tenkjer eg stadig på, dei er så skrullete og fine. Det same gjeld den siste boka til Dag Johan Haugerud, Små atonale stykker for barn. Verden av i går av Stefan Zweig er ei anna slik bok som ikkje slepper taket, men som eg heller ikkje vart heilt ferdig med. Eg tek ho alltid med i kofferten når eg dreg på ferie. Eg er open for alle sjangrar, men har lese for lite poesi dei siste åra, det skammar eg meg over.

 

Favorittforfattaren min

Dei siste åra har eg ikkje hatt éin favorittforfattar, eg er nok litt for rastlaus av meg for tida. Eg har ei dragning mot noveller, og høyrer på The New Yorker: Fiction-podcasten, kor ulike forfattarar vel ei novelle frå arkivet, og snakkar om den med Deborah Treisman, litterær redaktør i New Yorker. Ikkje alle novellene er heilt fantastiske, men nokre er det, og samtalene er nesten alltid fruktbare, underhaldande og smarte.

 

Den første boka eg las

Det veit eg ikkje, men når eg plukkar fram gamle bøker og les for ungane mine, opnar det seg verder som eg heilt har gløymt, men som tydelegvis har sett spor. Det kan vere Serafin og hans makeløse mesterverk. Den miniatyrverda som Plym, Serafin og Herkules lever i, er heilt magisk. Det same skjer med bøker av Astrid Lindgren, særleg dei om Lisabet og Marikken, som er meg og storesyster mi (sjølvsagt). Historiene  bringer barndommen attende til meg, og får meg til å forstå at den gongen var røynda og den litteraturen vi las blanda på eit vis som gjer at dei ikkje kan løysest opp att heilt. Eg kan sitte i senga og grine når eg les, dottera mi lurer iblant på om det har klikka for meg.

 

Boka eg hugsar best

Eg hugsar ikkje så mykje av kva vi las, eigentleg, men eg trur vi vart lest mykje for. Fornemmelsen av den kvite steinen i boka som heitte nettopp det, Den hvite stenen. Eventyra med dei grusomme detaljane, at dei skar render i ryggen og strødde salt i. At heksa i Hans og Grete faktisk skulle ete ungane, og sjølv vart drepen på grufullt vis. Alt det mørke der, det tenkjer eg òg høyrer barndommen til.

 

Eg elskar å lese fordi

Eg har sjeldan tid til å sette meg roleg og lese ei bok meir enn ti minutt. Livet med små barn fangar. Men når eg gjer det og ikkje klarar å legge boka frå meg, kan eg få ei kjensle av å bli sugd ut av rommet eg sit i. Både verkeleg god skjønnlitteratur og sakprosa kan ha denne verknaden, og på ulike vis kan bøker endre litt på kva eg tenkjer, korleis eg ser meg sjølv og andre, korleis eg tenkjer på språket. Men eg elskar og å sjå ein god tv-serie, å søkje på lampar på Finn og å sove, så draget mot litteraturen har harde konkurrentar.

 

Mitt beste skrivetips til nye skrivespirer

Skriv så mykje du kan. Finn eit fellesskap, ein eller fleire lesarar. Om du har dårleg med tid, ikkje tenk at du er ein som treng dagar og veker for å kome inn i stoffet, berre skriv, på kafé, i eit kott, på bussen. Skriv dagbok, notat, kva som helst. Finn ein måte å redigere eiga skriving på. Teksten er formbar, han blir ikkje øydelagt om du gjer han om. Det er mange som har noko eigenarta ved skrivinga si, men det er også mange som gir opp, kanskje fordi det for dei fleste krev mykje tid, mange rundar, store endringar undervegs før det verkeleg blir til noko. Om du vil skrive, men ikkje finn tid til det: Bu billeg, ikkje ha gjeld, ikkje jobb deg i hel med andre ting. Kort sagt: Gjer skrivinga di så viktig at du berre må fortsette. (Men få deg ei utdanning i tillegg.)

[spacer]

Dette er en fast, ukentlig spalte der vi ønsker å løfte frem inspirerende leseglade mennesker, bokbloggere, forfattere, bokhandlere og andre som brenner for litteratur og ivrer med leselyst.

[spacer]

Møt fleire som les