Møt en bokblogger: Elise Cathrin

av

E

lise Cathrin Dalsbotten Solvåg elsker å lese fordi hun får oppleve så mange ukjende stader, møte så mange interessante mennesker og får lære så utruleg mykje.  

Dette er en fast, ukentlig spalte der vi ønsker å løfte frem inspirerende leseglade mennesker, bokbloggere, forfattere, bokhandlere og andre som brenner for litteratur og ivrer med leselyst.

Møt en bokblogger: Elise Cathrin Dalsbotten Solvåg

Jeg leser mest:

Romaner, men i det siste har det blitt ein del dikt og ei lita mengde spenningsromanar.

Min favorittforfatter:

Det varierer frå veke til veke og frå sjanger til sjanger. Men Markus Zusak, Kristin Harmel, Hanya Yanagihara og Linnéa Myhre kjem alle høgt oppe på lista.

Den første boka jeg leste:

Dråpen som fikk alt til å skje av Helene Uri, i alle fall som eg kan hugse tittelen på.

Boka jeg husker best:

Anne Franks dagbok, den lånte eg på kassett på biblioteket omtrent femti ganga som fjerdeklassing.

Jeg elsker å lese fordi:

Eg får oppleve så mange ukjende stadar, møte så mange interessante mennesker, og får lære så utruleg mykje. I tillegg er det fantastisk å kunne begrave seg mellom to permar og berre forsvinne ein annan stad i nokre timar.

Derfor blogger jeg:

Så eg slepp å plage vener og familie med å dure i vei om alle bøkene eg vil fortelje om, haha. Neida, eg hadde ein vanleg blogg før, men oppdaga etter kvart at eg brukte meir og meir av tida mi på bøker, så litteratur blei det naturlege innhaldet på bloggen. Etter ei stund var det like greit å berre skifte om heile nettsida.

Favorittsitatet mitt:

Det er vel meir to strofer frå eit dikt enn eit direkte sitat: «Vi kan låne kvarandre og gløyme å levere tilbake» av Arne Ruset.

 

Vi kan ikkje eige kvarandre

tusen dikt har fortalt oss

at vi ikkje kan eige kvarandre

men vi kan låne kvarandre

og gløyme levere tilbake

 

->  Elise Cathrin blogger om bøker på elisecathrin.com  Hun er også å finne på Instagram | Twitter | Facebook