Rundt jorda og tilbake

Går det å spele så fint på gitaren at mamma og pappa blir kjærastar igjen?

Tekst: Forfatter Inger Johanne Sæterbakk

Jonas er 12 år og han er glad heile tida. Iallfall på utsida. For etter at pappa flytta ut og vart kjærast med Mariann, har mamma berre vore lei seg. Ho har slutta å smile. Før var det pappa som fekk fram smilet i ansiktet til mamma,  men no er det Jonas som må prøve å gjere henne glad igjen. Og då kan ikkje Jonas vere lei seg. Så han prøver å skvise alle dei triste tankane vekk. Tankane om alt som er forandra heime, om møblane som ikkje er der lenger, om mamma som går med seige, triste steg over golvet, og dei skjeggete klemmane til pappa som er altfor langt vekke. 

Det blir ekstra vanskeleg ikkje å vere lei seg når mamma seier at dei må leige ut kjellaren for å få meir pengar. For då må Jonas gi bort rommet sitt, den einaste plassen der han framleis kan vere seg sjølv og der alt framleis kjennest litt normalt. Der han kan sitje i fred og spele gitar, og øve på songen han skal overraske mamma med på konserten i aulaen på skolen. Den finaste songen mamma veit av. Sånn at ho skal få smilet sitt tilbake. 

Og så flyttar Mina inn på rommet hans. Ho nye i klassen, som har grønt hår, som drikk kaffi og snakkar høgt og skråsikkert om stjerner og horoskop og om livet. Ho som har så mange kjensler inni seg, som er både lei seg og glad og alt midt imellom. Ho som greier å gråte og flire på ein gong når ho høyrer på fin musikk. Mina som seier at mamma og pappa passar ekstremt bra i lag. Det har nemleg stjernene bestemt. 

Mina fyller huset med støy, med lyd, med lukt og med håp. Om at det kan bli bra igjen. At mamma kan bli glad. Og at mamma og han pappa kan blir kjærastar igjen, berre Jonas speler fint nok på gitaren sin. 

Rundt jorda og tilbake er ei bok om sorg og sakn, om små smil og store draumar, om vennskap, musikk og om barn som må ordne opp i rotet dei vaksne har stelt i stand. Det er ei bok om dei lyse og dei mørke tonane i gitaren, om dei glade og dei triste songane, om den stjerna som lyser sterkare enn dei andre og det smilet som betyr meir enn noko anna.  For alle frå 9 år og oppover. 

Les første kapittel her:

Den beste tida på dagen er dei første, lange sekunda etter at eg har slått opp auga. Før søvnen heilt har forlate kroppen og hjernen har begynt å tenke stressa tankar. Før magen strammar seg i ein knute og smilet bind seg opp i ei stram hengekøye frå øyre til øyre. For akkurat i dei første sekunda av dagen er alt som før. 

Før hjernen har vakna, kan eg høyre dei raske stega til pappa, som går fram og tilbake over kjøkkengolvet. Som hentar avisa på trappa, set på kaffien og skrur på radioen.

Stemma frå nyheitene blandar seg med lyden av traktaren som gurglar opp vatn og spyttar det ut igjen som kaffi. Lukta smyg seg heilt ned i kjellaren, inn på rommet mitt og ned under dyna, som er varm av søvn.

Så kan eg høyre nokre lettare steg som går frå kjøkkenbenken, til kjøleskapet og tilbake. Den mørke stemma til pappa får selskap av dei lyse tonane i mamma si stemme. Eg høyrer lyden av mamma som heller kaffi i to koppar. Og pappa som tar det heimebakte brødet ut av brødboksen. Han smør matpakkar til mamma, meg og Andreas, pakkar dei inn i knitrande matpapir og skriv bokstavane våre på papiret med raud tusj. Før hjernen har vakna, kan eg høyre stega hans som går mot trappa, dei lette tøffelsmella mot trappetrinna og eit hardt bank på døra mi. 

«God morgon, Jonas.»

Eit pust utanifrå bryt inn i den tette sovelufta. Dei korte, stikkande skjeggstubbane til pappa kjem fram i døropninga. 
«No må du stå opp.»

Så skrur han på taklampa, og auga mine skrumpar seg.

«Pappa, skru av lyset», klagar eg.

Men då har pappa allereie gått vidare til Andreas sitt rom for å vekke han.

Alt er som før når eg gnir dei små slimklumpane med søvn ut av auga. Så blir søvnen gnidd ut av hjernen også, og då kjem eg på det. At ingenting er som før. At pappa ikkje bur her lenger. At han bur hos Mariann. Ho som han er så forelska i, at han heller vil vere der ho er, enn å vere her, i lag med oss. På kjøkkenet over meg er det heilt stille. Mamma søv. Ho er sjukemeld. Nokre dagar står ho ikkje opp. Ho seier det er fordi ho har så mykje å tenke på. Eg ser at ho blir trist av tankane sine. Auga hennar ser ut som to stjerner som har slutta å skine.

Rommet mitt luktar ei blanding av sveitt søvn og noko søtt. Sovepusten til Andreas  brummar lågt ved sida av senga mi. Han kom tuslande inn i halvsøvne i natt. Hadde tissa seg
ut. Det er tredje gongen sidan pappa flytta. Eg har ikkje sagt noko til mamma. Eg let han låne tørre klede frå skapet mitt. Så drog eg ut madrassen under senga, der kompisane mine bruker å sove når dei overnattar. Det tok lang tid før eg sovna igjen.

«God morgon, Andreas», seier eg. Eg ser rundt meg. Den søte lukta kjem frå den våte pysjamasen som ligg på golvet.

«No må du stå opp.»

Eg skrur på globusen som står på nattbordet.

«Å, Jonas, skru av lyset», klagar Andreas.

Men det er for seint.

«Du må dusje. Du luktar tiss.»

Eg ser at hjernen hans har vakna no, for auga blir triste.

«Det var berre eit uhell», seier eg med snill stemme.

Men han er 8 år. Han er altfor stor til å tisse i senga.

Oppe på kjøkkenet er det heilt mørkt. Det er ingen lydar frå loftet heller. Eg puttar dei våte sengklea til Andreas inn i vaskemaskinen. Så set eg på kaffitraktaren. Eg finn fram brødet
og prøver å skjere det i jamne skiver til matpakkane. Eg skriv ein A med raud tusj på den eine og legg han i sekken til Andreas. Når kaffien er ferdig, fyller eg i ein kopp og går opp trappa til loftet. Sakte, så eg ikkje søler.

«God morgon, mamma», seier eg forsiktig og skrur på lyset på det kalde foreldresoverommet.

Mamma vrir på seg i senga, som er altfor stor for ein person. Ho smiler med attklistra auge og bustete hår. Ho opnar auga så vidt, før ho lukkar dei att og snur seg over på andre sida.

Kjøp Rundt jorda og tilbake her
  1. Rundt jorda og tilbake
    Rundt jorda og tilbake
    Innbundet
    Tilbudspris 244 kr Før 279 kr
    På lager
Inger Johanne Sæterbakk

Inger Johanne Sæterbakk

Inger Johanne Sæterbakk (1981) kjem frå Orkanger og bur i Oslo. Ho jobbar som språkkonsulent på Det Norske Teatret. «Rundt jorda og tilbake» er den andre romanen hennar for barn og ungdom. «1000 dagar» kom ut i 2017.  Ho har også skrive romanen «Magnhild» (2013) i lag med Guri Idsø Viken.

Les mer