Helge Torvund
Helge Torvund
Foto: Morten Brun

Helge Torvund

Helge Torvund (f. 1951) er frå Jæren og er utdanna psykolog. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Hendene i byen og har sidan gitt ut over tjue diktsamlingar. I tillegg har han skrive barnebøker og essay.

Hans fyrste bok på Aschehoug var Alabama? i 2010 (dikt). I 2016 kom samlinga Alt brenner (også Aschehoug). Samlinga fekk uvanleg stor merksemd, godt sal og strålande meldingar. I 2018 kom Tidslys.

Torvund har mellom anna motteke Hartvig Kirans minnepris (1982), Nynorsk litteraturpris (1990), Samlagsprisen (1996) og Rogaland Mållags pris.
Han er kjend som Twitter-poeten fordi han dagleg legg ut dikt på sosiale medier. Torvund er også diktlærar i Diktkammeret.